Tussa Sommarcamp 2025
Tre kjekke dagar på Tussa Sommarcamp er over. Med 65 påmeldte deltakara blei fotballskulen ein stor suksess for små og store.
To gode fotballøkter per dag, lunsj ilag samla på tvers av alder og ivrige spelarar og instruktører blei dette ein fin slutt på sommarferien, og ein god start på haustsesongen for borna både inn mot skule og fotballen!
Takk til vår sponsor Tussa for giveaways til våre deltakara, og til Vegard Håheim-Elveseter som kom på besøk og fortalte litt om seg og sin karriere, og ikkje minst til å bli med på trikseduell:)
Vi ønsker alle lykke til med fotballsesongen og vi ser fram til å arrangere ein ny og kjekk Tussa Sommarcamp neste år!