Tusa Sommarcamp 2025
Kom og bli med oss på SOMMARENS HØGDEPUNKT for jenter og gutar 7 - 12 år (Født 2013 - t.o.m 2018).
Bergsøy IL Fotball har gleda av å invitere jenter og gutar 7år -12 år til årets TUSSA Sommarcamp 11-13 august.
Sommarcampen er for alle, både medlem og dei som ikkje er medlem i Bergsøy.
Mandag, tirsdag og onsdag:
Kl 10.00 - 10.15 Registrering og velkomen
Kl 10.20 - 12.00 Trening
Kl 12.00 - 12.30 Lunsj + smoothie
Kl 12.30 - 13.45 Trening
Kl 13.45 - 14.00 Frukt, og takk for i dag
Vi legger opp til ein trygg camp der klubben over fleire år har innarbeida gode rutiner.
Ta med matpakke og merka drikkeflaske. Vi står for frukt og smoothie.
Alle deltakarar får giveaways frå TUSSA.
Klubbtrenar Magnus Myklebust står for organisering og det sportslege opplegget og vi har med A-lagsspelarar og ungdomstrenarar frå klubben som instruktørar. Alle instruktørar er kvalifiserte med fokus på kjekk aktivitet i trygge rammer.
Mandag tilbyr vi keepertrening med Pedro, gi oss beskjed kven som vil vere med der (og husk å ta med keeperhanska:)
Velkomen til 3 kjekke dagar med masse fotball, variert fysisk aktivitet og sosial mingling.