Status A-Lag Damer
Gjennom sommaren har det skjedd litt rundt vårt A-Lag Damer!
Jørn Magnussen takka for seg som lagets hovedtrener etter ein utfordrande vårsesong med lite spelarar. Vi i Bergsøy Fotball er veldig glade for kunnskapen Jørn har delt med oss og laget, å håpar å sjå han i ei rolle i klubben ein gong i framtida!
Det har sidan den tid blitt jobba godt med å få på plass ein god erstatter for Jørn og like før oppstart kunne vi med STOR glede introdusere den nye hovudtrenaren til spelargruppa!
Ole Andreas Skår går no inn i rolla som hovudtrenar for A-Lag Damer!
Ole Andreas er ein kjent mann for oss i Bergsøy, han har bidrege med stor entusiasme rundt dei yngre jentelaga våre, samt vore hjelpetrenar på nokre av våre guttelag i barnefotballen.
I tillegg til rollene sine i Bergsøy har Ole Andreas vore lærar, trener for e-sport lag og ein kjent mann i fritidsklubben i Herøy i mange år! Ole Andreas er kjent for sitt gode humør, si evne til inkludering å skape gode miljø og ikkje minst for si brennande interesse for fotballen, og spesielt då dame-/jentefotballen.
Bergsøy IL Fotball føler seg trygge på at Ole Andreas vil bidra i å løfte A-Lag Damer til nye høgder og vil på sikt kunne skape ei god og stabil gruppe med ivrige fotballspelarar!
Er du tilflytta vidargåande elev, eller berre vil prøve deg på ei trening. Ikkje vær redd for å ta kontakt med lagets lagleiar; Sigurd Helsem Sævik (tlf. 99701605), eller møt opp på ei trening! Vi har plass til alle saman!
Treningstider A-Lag Damer:
Tirsdag 20:00, oppmøte 19:45
Torsdag 20:00, oppmøte 19:45
Søndag 18:30, oppmøte 18:15