Administrasjonen tek sommarferie!
Etter ein spennande vårsesong med mykje kjekt på agendaen har administrasjonen no teke ferie.
I veke 31 reiser 3 Bergsøy lag til Oslo og Norway Cup. Vi ønsker våre lag lykke til!
I sommar vil det bli arbeid på Havila Stadion Fosnavåg og vi ber difor alle om å vise omsyn til arbeidarane og maskinene som arbeider på anlegget! Vi gler oss STORT til nytt dekke er på plass å klar til bruk!
Vi har mange spennande kampar i vente til hausten, så her er det berre å ladde batteria å gjere seg klar for ein minnerik haust på stadion!
Fleire andre morosame ting skjer iløpet av hausten:
TUSSA Sommarcamp blir arrangert 11.-13.august. Påmelding her: https://club.spond.com/landing/courses/bergsøyil/353C95E3BAC642E2B6E6FB8B90A681CF
HAV CUP 2025 13.september er endelig ope for påmelding: https://havcup.cups.nu/start
4.oktober byr vi inn til fest i Fiskarhallen når Vassendgutane kjem tilbake!
Vi ønsker alle saman ein fin sommar!