HAV CUP 2025

HAV CUP 2025 nærmar seg! Påmeldinga er open og vi håpar å sjå deg og ditt lag på stadion laurdag 13.september!

Meir info om cupen og påmelding av lag finn du her: https://havcup.cups.nu

VI GLER OSS til årets cupeventyr på stadion!

HAV Group er vår hovedsponsor, og har navnet på vår tradisjonsrike fotballcup;

“Bergsøy IL Fotball har i mange år vore ein viktig samfunnsbyggjar gjennom å tilby aktivitetar for barn og unge i Herøy. For HAV Group er det difor naturleg å stille opp som hovudsponsor. Vi ønskjer å bidra til gode oppvekstmiljø, idrettsglede, meistring og inkludering, og er stolte over å kunne knyte vårt namn til HAV Cup. Vi ønskjer alle deltakarar i årets turnering lykke til,» seier Gunnar Larsen, CEO i HAV Group.

Om HAV Group

HAV Group er ein internasjonal leverandør av teknologi og tenester til maritim og marin industri.
Konsernet består av fire dotterselskap med ein leiande posisjon i arbeidet med å støtte den marine og maritime industrien fram mot det endelege målet om nullutslepp. Med utgangspunkt i vår norske arv, erfaring, kvalitetsfokus og innovative løysingar, bidreg innsikta vår til å gi kundane våre eit forsprang, styrkje konkurransekrafta deira og gjere dei i stand til å realisere det grøne skiftet mot ei berekraftig framtid på havet.

www.havgroup.no

HAV Group - A Sustainable Future at Sea

Datterselskap:

HAV Design: HAV Design er ein global leiande aktør innan energieffektive og konkurransedyktige skipsdesign med ambisjonar om nullutslepp. Med en merittliste bestående av 120 fartøysdesign, bransjeledende kompetanse og virtuelle designverktøy, leverer HAV Design berekraftige løysingar som møter både miljømessige og kommersielle krav for framtida.

I tillegg tilbyr vi gjennom HAV Ocean Lab ein virtuell testtank med digitale tvillingar av skip og havområde – unikt i ein kommersiell samanheng. Målet er å minimere miljøpåverknaden og auke konkurransekrafta til kundane våre.

HAV Design har hovedkontor i Fosnavåg.

www.havdesign.no

Norwegian Greentech: Norwegian Greentech er ein leiande leverandør av berekraftige system for reint vatn, med hovudfokus på den maritime næringa. Produktspekteret omfattar ballastvassreinsesystem, løysingar for ferskvatn og teknisk vatn, samt reinsesystem for brønnbåtar og landbasert oppdrett. Med dette tilbyr selskapet heilskaplege løysingar som møter både dagens og framtidas miljøkrav.

Så langt har Norwegian Greentech levert meir enn 800 behandlingssystem til kundar verda over. Etterspurnaden veks stadig som følgje av strengare internasjonale reguleringar og eit aukande behov for berekraftige løysingar i både shipping og akvakultur.

Norwegian Greentech har hovudkontor på Mjølstadneset i Fosnavåg.

www.norwegiangt.no

Norwegian Electric Systems: Norwegian Electric Systems AS (NES) er ein totalleverandør av berekraftige løysingar innan Energy Design og Smart Control for eit breitt spekter av fartøy i den globale maritime marknaden. Med kompetanse på låg- og nullutsleppsløysingar leverer vi framdrifts- og kontrollsystem som reduserer utslepp, aukar energieffektiviteten og bidreg til tryggare sjøfart og meirverdi for kundane våre.

Vi legg vekt på å vere ein samarbeidspartnar og systemleverandør som utviklar optimale framdriftssystem tilpassa kvar operasjon, fleksible automasjonsløysingar som gir presis og sikker styring, og navigasjonssystem som kombinerer avansert teknologi med enkle og intuitive grensesnitt.

NES har hovudkontor i Bergen, med kompetansemiljø i Ålesund og Egersund, samt eit kontor i Istanbul, Tyrkia.

www.norwegianelectric.com

HAV Hydrogen: HAV Hydrogen leverer komplette og skalerbare hydrogensystemer til bruk om bord på store og små fartøy, nybygg og retrofit.

Hav Hydrogen er et av få selskap som har fått foreløpig godkjenning fra Sjøfartsdirektoratet og DNV på designløsning for hydrogenbasert energisystem med tank for flytende hydrogen under dekk og under norsk flagg.

HAV Hydrogen har hovedkontor i Fosnavåg.

www.havhydrogen.no

Previous
Previous

Grønt gras og Kronekampen 2025

Next
Next

Status A-Lag Damer