Godt representert i Ålesund!

I helga har Bergsøy vore godt representert i Ålesund både på Sunnmørsk trenarseminar og Tare Cup!

Sunnmørsakademiet inviterte laurdag inn til Sunnmørsk trenarseminar. Under seminaret var det fokus på Vekst og modning hos barn og unge med lærerike foredrag frå Tommy Lundberg (Dosent i fysiologi, ein av dei fremste i Norden på temaet), Lage Hoel Haadem (Fysioterapeut AaFK Akademiet) og Ramin Kiani (Trenarutviklar i AaFK). Ein kjekk og lærerik dag som vi anbefalar alle trenarar om å delta på ved neste anledning!

I helga var det også duka for Tare Cup for jenter i Sparebanken Møre Arena. Bergsøy stilte sterkt med heile 9 lag!
Jenter 6 hadde ein super dag i Ålesund laurdag med 3 lag påmeldt! Laget viste mykje god fotball og fotballglede. Dagen vart avslutta med å få medalje, noko som var stor stas!

Jenter 7 deltok i J8 klassa med 2 lag som fekk prøve seg på 5er fotball for fyrste gong! Mykje god læring inn mot neste år når laget skal spele 5er. Ein kjekk dag der laget fekk spele mot andre lag ein normalt sett ikkje spelar mot!

Jenter 9/10 deltok med 2 lag under årets Tare Cup! Kjempe innsats av samtlige og både spennande å kjekt å møte nye lag!

J11/12 var på Tare Cup på søndag med 2 lag. Laga spelte mykje god fotball, fleire gode mål vart scora og jentene storkosa seg på cup!

Ei innhaldsrik helg er over for våre lag. Neste helg ventar Tare Cup for gutar og Førde Cup for våre ungdomslag!

HEIA BERGSØY!

Previous
Previous

STOR vekst i dommarteamet i Bergsøy

Next
Next

Vil DU  bli dommar for Bergsøy IL Fotball i 2026?