STOR vekst i dommarteamet i Bergsøy

Bergsøy IL Fotball har i 2025 hatt STORT fokus på utvikling av både erfarne og nye dommarar. I god veiledning av vår dommaransvarlige Ole Johannes Rinden Kristiansen har over 30 dommarar testa ut og teke steg som dommarar! På søndag var dommarane samla på klubbhuset for å oppsummere og avslutte sesongen med pizza og brus.

Fleire av desse flinke dommarane blir med vidare, og saman med nåkre nye ansikt vil dei danne dommarteamet til Bergsøy i 2026!

I Bergsøy IL Fotball er vi opptekne av å behalde ungdomen i fotballen, enten det er som spelar, trenar, dommar eller andre verv. Å ha eit så godt opplegg for våre dommarar er difor noko vi er svært stolte av og gler oss til ny sesong der fleire går vidare på rekrutteringsdommar-kurs som gjer at dei går frå å være klubbdommar til å bli kretsdommar!

Heilt til slutt ønsker vi å takke alle dommarane for ein strålande innsats i 2025! Takk for at DU er villig til å lære og utvikle deg sjølv, ta rolla som veileder og gode rollemodellar for yngste spelarar.

HEIA BERGSØY!

Previous
Previous

Førde Cup 2025

Next
Next

Godt representert i Ålesund!