Vil DU  bli dommar for Bergsøy IL Fotball i 2026?

Snart er fotballsesongen 2025 over. 
I år har Bergsøy hatt 33 dommarar i aksjon, både i serie, på HAV-cup, og diverse andre cupar. Vi er glade for å sjå stor utvikling blant dommarane i Bergsøy det siste året!

Ca 30 stk. tok klubbdommarkurs i vår, og 8 tok også 9-ar kurs. Vi har hatt mange flinke dommarar, som til og med har stilt opp i G/J 13 kampar, der kretsen ikkje har kunnet stille dommar. 

TAKK til alle som har stilt opp og dømt kampar for Bergsøy i år - ingen dommar, ingen kamp!

Vi er også glade for å kunne fortelje at Bergsøy i år har fått ein dommar som også representerar Bergsøy utanfor Havila Stadion. Helena Marie Kristiansen har fått tillit frå kretsen til å dømme fleire kampar i ungdomsfotballen, både på heime- og bortebane. 

Vi ynskjer i året som kjem å få med fleire på dette laget, som tar kretskurs på nyåret, og deretter kan representere Bergsøy både på Havila Stadion og også på andre stadionar på Sunnmøre. 

I 2026 søkjer Bergsøy difor fylgjande: 
Er du født 2013 eller tidlegare, og vil prøve deg som klubbdommar i 2026, vil det bli arrangert klubbdommarkurs til våren. 

Kva kan klubben tilby deg som klubbdommar:

-Klubbdommarkurs (NFF)
-Oppfylgjing frå dommaransvarleg i Bergsøy
-Sosialt
-Spanande utfordringar og personleg utvikling 
-Arbeidserfaring/lønn

Er du født i 2012 eller tidlegare, kan klubben tilby: 

-9ar kurs (dommaransvarleg Bergsøy), slik at du kan dømme 9ar kampar
-Forberedande til rekrutteringsdommarkurs
-Ellers det samme som for klubbdommarar

Er du født i 2011 eller tidlegare, kan klubben tilby:

-Rekrutteringsdommarkurs (NFF)
-Oppfylgjing her, vil i hovudsak vera frå kretsen
-Utfordring, utvikling og erfaring
-Lønn
(For meir info rundt dette, ta kontakt med dommaransvarleg)

Kan dette vera noko for deg?
Bli ein del av fotballfamilien i Bergsøy, og meld deg inn i vår spond gruppe https://spond.com/invite/HACMO

Heilt til slutt vil vi invitere dommarane fra i år, saman med dei som kunne tenkje seg å prøve neste år, til pizzakveld på klubbhuset den 2. november.
Påmelding i spondgruppen er obligatorisk, med tanke på bestilling av mat/drikke. 

BLI MED, VI SEES 🙂🙂

 

Mvh Bergsøy Fotball og dommaransvarleg Ole Johannes Kristiansen 

Tlf 46820406

Previous
Previous

Godt representert i Ålesund!

Next
Next

HAV Cup 2025!