God Jul!
Etter ein lang og intens fotballsesong tek administrasjonen ei velfortjent juleferie.
Bergsøy IL Fotball ønsker alle følgarar, supporterar, trenarar, lagleirarar, foreldre, spelarar og frivillige ei god jul. Frå og med tirsdag 23.desember vil det ikkje være folk tilstades på klubbhuset. Dersom du treng å nå oss kan du nå oss via e-post: fotball@bergsoy.no
Fredag 26.desember, 2.juledag, er det duka for den tradisjonsrike Romjulscupen i REM Arena Fosnavåg (Herøyhallen). Vi håpar å sjå mange kjente for å heie fram bygdene sine i hallen denne dagen!
Administrasjonen er tilbake på jobb 5.januar.
God Jul!