Anders fortsetter som hovudtrenar
Anders Helsem Hoff har signert ny ett-års kontrakt og fortsetter som hovudtrenar for Bergsøy A-lag herre.
Bergsøy IL Fotball kan med glede bekrefte at Anders tek fatt på ein ny sesong som hovudtrenar for A-lag herre. Etter gode samtaler mellom trenar og klubb er partane einige om å videreføre samarbeidet også komande år.
Anders har det siste året lagt ned eit solid arbeid og klubben er godt fornøgd med utviklinga som er vist i spelargruppa og rundt laget. Kontinuitet på trenarsida blir sett på som viktig for å bygge vidare på det arbeidet som allereie er gjort.
– Eg trivast veldig godt i Bergsøy og kjenner på stor motivasjon for å fortsette. Vi har ei spennande spelargruppe med ein god miks av rutinerte spelara og unge svoltne spelara , og eg har stor tru på at vi kan ta nye steg saman neste sesong. Målet bør vere å kjempe i toppen av tabellen, seier Anders.
Med Anders vidare som hovudtrenar ser Bergsøy fram mot ein ny sesong med kontinuitet, ambisjonar og vidare utvikling.
Meir om sport:
På Bergsøy A-lag kvinner har Ole-Andreas Skår kontrakt også neste år som hovudtrenar, og får med seg Christian Holm som assistent.
Det har også blitt jobba godt over tid med å få på plass trenarkabalen i ungdomsfotballen, og meir info rundt dette kjem.
Som nevnt tidligare denne månaden tiltrer Magnus Myklebust som Sportssjef fra 1.1.2026. I tillegg får klubben inn ein ekstern trenarveiledar som vil bli presentert over nyttår.
Vi gler oss til fotballsesongen 2026!
Heia Bergsøy!