GODT NYTT ÅR!

Godt nytt år til alle våre aktive, trenarar, lagleiarar, frivillige, supporterar og sponsorar. Vi gler oss til 2026 saman med DEG!✨

På årets siste dag mimrar vi tilbake på året som har vore. Fleire av våre lag har sendt inn korte oppsummeringar av 2025 sesongen! Dei kan du lese nedanfor.

Helsing frå klubb

2025 har vore prega av stor glede, sorg og mange gode fotballøyeblikk. I februar mista vi vår solide, gode anleggsjef og lagleiar Runar Olsen, som gjekk bort så alt for tidlig. Med nytt kunstgrasdekke på agendaen måtte vi brette opp armane og samle trådar. I august kunne vi endelig feire nytt dekke på Havila Stadion Fosnavåg til stor jubel for alle aktive i klubben. HAV Cup 2025 satte nye rekordar i besøkstall og står som eit av høgdepunkta for året. Berre to veker seinare fylte vi Fiskarhallen til fest når Vassendgutane entra scena. Nok eit kjempe arrangement der fleire titalls frivillige møter til dugnad med stor iver. I Bergsøy Fotball er vi heldige som har fleire ildsjeler som bidreg med å vedlikeholde det flotte anlegget vårt. Tusen takk!

Heilt på tampen av året vart vi overraska på Sunnmøre Fotballkrets sin fotballgalla men prisen; Årets Jenteklubb! Ein pris som speglar innsatsen, det målretta arbeidet og kvaliteten i vårt arbeid med jentefotballen i kubben. Vi har dei siste åra hatt stor økning i antall aktive jenter i klubben, vi har fleire kvinnlige trenarar og kvinner i viktige roller. Denne prisen er vi svært stolt av å motta.

I romjula arrangerte A-laga vår Sparebanken Møre Romjulscup i REM-Arena Fosnavåg. Ei turnering som samlar Ytre Søre Sunnmøre i romjula. Fullspekka hall heile dagen gir oss ny motivasjon til å arrangere ny turnering neste år!

Heilt til slutt ønsker vi å takke for eit godt samarbeid, eit minnerikt år og for at DU er med å støttar både store og små i klubben vår❤️

Godt nytt år!

A-Lag Herre

Allereide 15.februar spelte vi obligatorisk kamp i Sunnmørsposten Cupen. Etter Runar sin bortgang få dagar tidligare vart dette av den spesielle kampen. Gutta viste god lagsånd, stod samla og vann tilslutt kampen 3-1. Mars månad var fullspekka med cup kampar både i NM og Sunnmørsposten cupen. I 1. kvalifiserande runde i NM cupen tok vi imot Ørsta . Vi pangstarta kampen og leda 3-0 til pause. I 2.omgong var Ørsta skjerpa og scora 2. Gutta stod kampen heilt inn og tok seg vidare til 2.runde. Midt i Mars kom Rollon på besøk i andre runde i Sunnmørsposten Cupen. Der stod det 1-1 etter 90 spelte minutt og det var duka for straffekonkurranse. Her var Rollon best og vann tilslutt kampen 10-11. I 2.kvalifiserande runde til NM drog vi til Spjelkavika for eit tøft oppgjer. Laget holdt lenge nullen og muligheitene for avansement såg større ut utover fyrste omgong, men i de 63.minuttet sprakk det for oss. Her ifrå og ut kampen rann det inn og Spjelkavik scora 5. Vi var dermed ute av både NM og Sunnmørsposten cup og vi kunne rette fullt fokus mot serien.

Vårsesongen starta brutalt med 1-0 tap borte mot Hovdebygda. Det resultatet vart fort kosta vekk frå skuldrane og 4 dagar etterpå vart SIF/Hessa slått 4-1 på heimebane. Resten av vårsesongen sleit vi med å bikke kampane i vår favør. Det vart seier mot Ørsta (0-1), Spjelkavik2 (3-1) og Langevåg (1-2), uavgjort mot Hareid (2-2) og tap mot Hødd2 (5-1), Stordal (2-3), Rollon (3-2), Herd (3-0) og Ravn (4-3). Mykje skjedde i august månad og med sluttstilling av legging av nytt kunstgrasdekke såg vi virkelig fram til ein artig haustsesong. Dei to fyrste heimekampane for hausten måtte spelast på Tjørvåg Stadion. Desse enda med 1.1 mot Hovdebygda og 1-0 seier mot Ørsta. 1.september kunne vi endelig opne den nye bana i heimekampen mot Hødd 2. Dette vart ein triller av ein kamp der resultatet til slutt stod 3-3. Høgdepunkta i haust var heimekampen mot Rollon der vi trakk det lengste strået og vann kampen 4-3. I denne kampen havnar vi under 3-0 etter berre 25min spel, før pause scorar vi 2 og går til pause med ein følelse av at denne kampen er vår. I 2.omgong står vi godt som lag og sjølv med fleire av unggutta utpå gjer vi det vanskelig for Rollon. Vi scorar 2 mål til og kan sleppe jubelen laus framfor vårt fantastiske publikum!

Denne sesongen har gått i berg å dalbane. Frå å kjempe nede i nedrykksgryta til å pirke opp i teten. Vi har jobba knallhardt på feltet for å bli litt bedre kvar trening. No laddar vi opp til ein ny sesong der vi håpar å levere meir solide resultat og håpar å sjå deg på tribuna i 2026!

A-Lag Damer

A-Lag damer fekk ny trenar før haustsesongen. Ole-Andreas Skår kom inn med ny giv og såg lyst på oppgava som kom. Med ein litt tynn spelartropp og lave forventingar starta sesongen med eit forrykande tempo. I haustens fyrste seriekamp mot Hareid vann vi overbevisande 4-1 på heimebane. Neste kamp var lokaloppgjer mot MTG på Havila Stadion Fosnavåg. Etter 3-0 såg det ut til å værte ein komfortabel seier, men MTG ga oss kamp heilt til døra og reduserte til 3-2. Vi holdt heile veien inn og 6 av 6 mulige poeng var sikra.

Mot SIF/Hessa tapte vi 7-4, før vi tok imot Ørsta og som einaste lag i haust tok poeng mot Ørsta 2 i kampen som enda 0-0. Sula/Langevåg var neste motstandar, denne kampen vann vi 4-1 etter ein solid 2.omgang.

Plutselig hadde vi opprykket i eigne hender. Med 6 poeng på dei to siste kampane hadde vi rykka opp og spelt 4.divisjon i 2026. Denne oppgava var tøffare enn som så, og vi tok 1 poeng på dei to siste kampane og sit at med mykje læring inn mot neste sesong.

Frå august til desember har spelargruppa vokst både i antall og i kvalitet. Stemninga har vore på topp heile veien og ein god treningskultur er etablert. Vi avsluttar året med stor optimisme og stoltheit. No gler vi oss til å ta fatt på 2026 sesongen og ta nye steg som eit lag!

Ungdomsfotball

G19 kvalifiserte seg i vinter til spel i 1.divisjon! Ein tøff divisjon med tøff motstand i kvar kamp. Det har vore fleire jamnspelte kampar der laget ikkje har klart å bikka resultata sin veg. Laget har variert i stor grad og hatt fleire frå G16 på hospitering. Sesongen 2025 vart god læring for våre nest eldste som har fått god matching i vegen opp mot A-laget. I 2026 blir fokuset å bygge ei solid gruppe med spelarar og skape ein god treningskultur der utvikling og samhold står i fokus. Vi gler oss til å ta fatt på 2026 sesongen og håpar mange vil være med!

G16 har i år spelt i 2.divisjon. Ein divisjon som passar laget godt då fleire får muligheita til å hospitere opp til G19 og A-Lag. Med 8 seiarar og 1 uavgjort i vårsesogen leverte G16 ein strålande vårsesong. Hausten starta på same måte 3 seiarar og 1 uavgjort dei fyrste 4 kampane. Etter dette vart det tøffare for G16 og laget tapte litt poeng, dette endte med ein 5.plass på tabellen. Sjølv med ein liten dupp på hausten har laget til tider spelt svært god fotball og våre tøffe å møte. G16 er ei gruppe med mange spennande spelarar, der fleire har vore faste i A-Lags troppa. Dette har nok prega resultata til G16, men økt læringa og utviklinga til gutta. Alt i alt har vi hatt ein fin sesong med mange spennande og kjekke øyeblikk som vi tek med oss inn i ny sesong.

G14 har hatt eit innholdsrikt år, og starta året med å vinne vintercupen, noko som var stor stas! I 1.divisjon på våren kom vi topp 3 som kvalifiserte oss til fylkesserien. Der fekk vi god motstand på hausten med mykje god læring mot dei beste laga og spelarane i fylket. Laget fekk også gode opplevelsar på Norway Cup og Førde Cup med blandt anna 3.plass på sistenevnte. No er G14 med i futsalserien der dei siste kampane blir over nyttår. Vi gler oss til fortsettelsen!

J13 spelte i 2025 sin fyrste sesong som 9er lag. Vi har hatt god utvikling gjennom sesongen og mange flotte høgdepunkt å sjå tilbake på. Vi starta året med fleire treningskampar mot jenter som var både 1 og 2 år eldre, og la ned ein god innsats. I serien har vi spelt mange kjempe gode kampar, og vi har gitt mange jenter frå laget under muligheit til å prøve seg på eit høgare nivå. Vi har hatt både med- og motgang, men vi har stått saman som eit lag. I November reiste laget på Førde cup og tok ei meget sterk bronsemedalje i A-sluttspelet! Reisa dette året med J13 har vore fantastisk med både opp og nedturar! Vi håper 2026 blir fylt med fotballglede og fleire jenter på laget!

G13 hadde fyrste sesongen sin i ungdomsfotball, noko som var svært spennande! Eit solid treningsgruppe på ca 30 gutar starta oppkøyring allereie i januar. Vi starta sesongen med to jamne lag i vintercupen. Det å forholdet seg til poeng og tabellplassering var noko uvant, men det var også ein motivasjonsfaktor for å prestere både på trening og kamp. Vårsesongen, som haustsesongen,  var det to lag i serien. Eit lag på nivå 1 og eit på nivå 3. Vårsesongen varierte ein god del på begge lag, der størrelse på bane og mindre kjennskap til ein del av laga gjorde prestasjonane dit hen at vi var fast bestemt på å snu trenden til hausten.Men først var det Selje-cup. Eit verdig punktum for vårsesongen og eit formidabelt startskot for hausten. Gutane gjorde reint bord og vann både A- og B-sluttspelet. Spelara, trenara, foreldre og supportera forøvrig var heilt i ekstase. Forventningane for haustsesongen var satt.

På hausten så var det merkbart at trenara og spelara var revansjesugne, og det viste igjen på trening og i kamp. Begge lag spelte mange gode kampar og ingen lag vil vi seie var merkbart betre. Begge lag endte med betre tabellplassering enn på våren og marginar var utslagsgivande i enkelte kampar både eine og andre vegen. Gjengen reiste også til Førde med tre jamne lag. Fokuset på det sosiale var viktig og som førstereis-lag, så blei det hausta gode erfaringar til neste års Førde-cup. Futsal-sesongen 2025 er i skrivande stund ikkje ferdig. Eit av laga er klart for nivå 1 og dei to andre laga er klar for nivå 2. Fleire av spelarane har tatt store steg og det er beundringsverdig for oss trenarane å sjå utviklinga dei har hatt. Vi er svært stolte av samtlige. Det er også dei som er komen litt lenger og har representert Bergsøy på krets- og fylkeslag, samt hospitering med både Hødd og Aafk.

Fokuset på bredde og at vi skal ha med flest mogleg, lengst mogleg har våre viktige verdiar for laget. Sesongen 2026 er under planlegging og vi håper trenarkabal og alt som høyrer med er klart i løpet av januar.

Takk for innsatsen som samtlige har lagt ned. Trenarteamet er godt fornøgd og satsar på 2026 blir like innhaldsrikt.

Barnefotballen

J12 hadde to 7er lag i vårsesongen, men gjekk over til 9er fotball med offside på hausten. Dette har jentene takla fint og har hatt ei god og solid utvikling i 2025. No gler vi oss til ungdomsfotballen i 2026!

G10 (2015) har hatt ein flott sesong med god utvikling og mykje speleglede! Med 24 aktive har dei hatt med 2 lag i seriespelet, og begge har levert mange gode kampar og sterke prestasjonar. I tillegg har dei vore med på 3 cupar og spelar i vinter for første gang i futsalserien, noko dei synest har vore veldig gøy! No nyter den ivrige gjengen juleferie, og med fleire som gjennom året hadde over 90% treningsoppmøte er det velfortjent fri for ein samansveisa og kjekk gjeng!

G9 (2016) har hatt ein spennande sesong med god sportslig utvikling. Over nyttår skal dei begynne med 7ér fotball, noko som alle ser fram til. Fleire på laget er med på dei andre populære HAV Xtra treningane på fredagane, i tillegg er mange å finne i Fiskarhallen på fritida. I sum er dette mange timar med fotballglede kvar einaste veke.

J7 (2018) er ei stor gruppe med ivrige fotballjenter! Laget har spelt 3er fotball, men øvd mykje i haust på 5er fotball, både på trening og i kamp. Jentene gleder seg til å endelig kunne spele 5er og er veldig klare for å kome seg ut av bingen. Laget har delteke på fleire cupar, både med 3er og 5er fotball. Det har vore fleire tøffe oppgjer mot jenter som er eldre, men laget sit igjen med mykje god læring og erfaring inn mot 2026. Alle i trenarteamet er stolte av dei ivrige jentene og vi gler oss til fortsettelsen.

J/G6 (2019) hadde oppstart i april med ei kjempe oppmøte! Heile 50% av jentene og 38% av gutane i vårt nedslagsfelt møtte opp til trening. Eit godt og solid støtteapparat stod klare og har sidan dag 1 vore gode og trygge rollemodellar og trenarar for våre aller yngste. Vi har delteke på miniturneringar og cupar og vist stor fotballglede. No er vi spente og gler oss til 2026 med endå fleire kampar og treningar.

HEIA BERGSØY!🤍❤️

Next
Next

God Jul!