TUSSA Sommarcamp 2026

Kom og bli med på SOMMARENS HØGDEPUNKT for jenter og gutar 8–12 år (fødde 2014–2018)!

Bergsøy IL Fotball har gleda av å invitere jenter og gutar til årets TUSSA Sommarcamp, 11.–13. august.

Sommarcampen er open for alle – både medlemmer og dei som ikkje er medlem i Bergsøy IL.

MELD DEG PÅ HER

Program

Tysdag, onsdag og torsdag

Kl. 10.00–10.15 – Registrering og velkomen. Oppmøte alle dagar på tribuna på Havila Stadion i Fosnavåg.

Kl. 10.20–12.00 – Trening

Kl. 12.00–12.30 – Lunsj + smoothie

Kl. 12.30–13.45 – Trening

Kl. 13.45–14.00 – Frukt og takk for i dag

Vi legg opp til ein trygg og inkluderande camp der klubben gjennom fleire år har innarbeidd gode rutinar.

Hugs å ta med:

  • Matpakke

  • Merka drikkeflaske

Vi sørger for frukt og smoothie kvar dag.

Alle deltakarar får giveaways frå TUSSA.

Klubbtrenarane Magnus Myklebust og Franjo Tepuric har ansvar for organiseringa og det sportslege opplegget saman med instruktørar frå A-laga våre. Alle instruktørane er kvalifiserte og har fokus på kjekke aktivitetar i trygge rammer.

Tysdag blir det eige keepertilbod med Pedro. Dei som ønskjer å delta, må hugse keeperhanskar.

Hugs å kle deg etter vêret!

Velkomen til tre kjekke dagar med masse fotball, variert fysisk aktivitet og sosialt samvær!

PS!
Ved påmelding av fleire enn eit barn, send ein epost til magnus@bergsoy.no med fullt navn på barn nr 2 (og evt 3).

Gi også beskjed dersom du ikkje ønskjer at ditt barn kan bli fotografert under sommarcampen. Bilder kan bli brukt på sosiale medier / lokalavis.

Next
Next

Aktivitetar hausten 2026