Aktivitetar hausten 2026
Det er dags for ein velfortent sommarferie for våre dedikerte spelarar og trenarar etter ein lang og innhaldsrik vinter og vår.
No ladar vi batteria til ein spennande haustsesong der mykje skal skje!
⚽ TUSSA SOMMARCAMP 2026
11.–13. august arrangerer klubben Tussa Sommarcamp med tre dagar fotballaktivitet frå kl. 10–14 kvar dag. Magnus Myklebust og Franjo Tepuric vil stå for det sportslege opplegget saman med dyktige instruktørar frå våre A-lag.
Vi opnar påmeldinga neste veke, så hald av datoane allereie no! 😊
⚽ MIKROBALL 3–5 ÅR
I september køyrer vi i gang Mikroball 3–5 år (2021, 2022 og 2023-kullet), eit lågterskeltilbod med mål om å skape aktivitet for dei yngste. Her må føresette vere til stades gjennom heile økta, og det blir mobilfri sone 😊
Sunnmøre Fotballkrets vil leie den første økta, deretter vil foresatte styre aktiviteten utover hausten.
⚽ GÅFOTBALL
«Alt var betre før».
Vi har ein draum om å hente tidlegare Bergsøy-spelarar tilbake til fotballen gjennom gåfotball. Interessa er i alle fall til stades, og no gjeld det berre å få dei ut på bana slik at dei får kjenne på ekte fotballglede igjen!
⚽ HAV CUP 2026
Laurdag 12. september er årets store hending og dugnad i Bergsøy Fotball når vi arrangerer vår tradisjonsrike HAV Cup for 6–12-åringar.
Hald av datoen!
Meir informasjon:
https://havcup.cupmanager.net/
⚽ HAV XTRA 2026/2027
HAV Xtra er eit gratis ekstratilbod for jenter og gutar på tvers av aldersgrupper (8–12 år), og rettar seg mot barn som ivrar etter å spele fotball.
Kvar fredag kl. 14.30–16.00.
Startar opp att i månadsskiftet august/september.
Vi ønskjer nye 3.-klassingar velkomne!
Vi legg opp aktivitetar og øvingar med mål om å skape meistring. Gjennom treningsopplegget legg vi til rette for at barna skal oppleve utvikling over tid. Øktene har stort fokus på å bli trygg med ball i beina, ei individuell konkurranse kvar økt og mykje spel i ulike former.
Påmelding i Spond: UGVKZ
⚽ KEEPERTRENING
Er barnet ditt interessert i å stå i mål?
Vår A-lagskeeper Pedro vil halde fram med gode keepertreningar kvar søndag i Fiskarhallen utover hausten. Her er det bere å melde seg på:
8–12 år kl. 13.00
Spondkode: DDOEH
13–19 år kl. 14.00
Spondkode: DDOEH
⚽ JENTEDAGEN 2026
Tysdag 27. oktober inviterer vi til Jentedagen på stadion med fokus på jenter i fotballen.
Vi får besøk av Jan Åge Fjørtoft, som lovar god stemning på stadion denne dagen. Meir informasjon om arrangementet kjem.
⚽ BERG-HANSEN ROSARUSSTREFF
I november inviterer vi alle rosarussane i barnehagane i nærområdet til ei ny, kjekk runde med Berg-Hansen Rosarusstreff i Fiskarhallen!
⚽ KLUBBINTERNT TRENARKURS DEL 1
Kunne du tenkje deg å bli fotballtrenar, eller ønskjer du å fylle på trenarkompetansen din?
I haust vil vi tilby klubbinternt trenarkurs med vår trenarrettleiar Einar Magne Skeide.
Vi planlegg Trenarkurs Del 1, som tek for seg dei første åra i barnefotballen (5–8 år).
Har du spørsmål, innspel eller ønskjer å vise interesse for eller delta i aktivitetane i haust?
Ikkje nøl med å ta kontakt med Magnus Myklebust:
magnus@bergsoy.no