Stillingsutlysing: Driftsansvarleg Bergsøy Fotball
Arbeidsgivar: Bergsøy Fotball
Stillingstittel: Driftsansvarleg
Stillingsbrøk: 50 % eller etter nærare avtale
Arbeidsstad: Fosnavåg, Møre og Romsdal
Om Bergsøy Fotball
Bergsøy Fotball er ein klubb med stolte tradisjonar og eit sterkt engasjement i lokalsamfunnet. Vi jobbar for å skape gode opplevingar for spelarar, supporterar og samarbeidspartnarar, og har ambisjonar om videre utvikling både på og utanfor banen. Vi skal vere ein arena for alle, og vår visjon er å gjere Herøy til ein enda betre plass å bu.
Om stillinga
Vi søker ein strukturert og løysingsorientert driftsansvarleg som vil ha hovudansvar for den daglege drifta av klubbens anlegg og fasilitetar. Rolla er sentral for å sikre at alt fungerer optimalt – frå baner og klubbhus til arrangement og kampdagar.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for drift og vedlikehald av klubbens anlegg og utstyr
- Koordinere praktiske oppgåver knytt til kampar, treningar og arrangement
- Oppfølging av leverandørar og serviceavtaler
- Budsjett- og kostnadsoppfølging innan drift
- Bidra til utvikling av rutinar og prosesser for effektiv drift
- Administrative oppgåver
- Samarbeide tett med klubbleiing, frivillige og eksterne aktørar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå drift, vedlikehald og prosjektstyring
- Gode organisatoriske ferdigheiter og evne til å prioritere
- Teknisk forståing og praktisk sans
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Strukturert og sjølvstendig
- Serviceinnstilt og samarbeidsorientert
- Løysingsorientert med evne til å ta initiativ
Vi tilbyr
- Ein spennande og variert arbeidskvardag i ein klubb med stort engasjement
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Moglegheit til å påverke og utvikle driftsområdet
- Eit godt arbeidsmiljø med dedikerte kollegar og frivillige
Søknadsfrist: 4.12.2025
Kontaktperson
Lars Conradi Andersen, mob. 977 12 412 eller Ann-Elin Myklebust, mob. 482 26 168
Søknad sendast til fotballstyret@bergsoy.no