Atea AS blir hovudsponsor D for Bergsøy IL Fotball
Fornøgde karar: Plassjef Atea avd. Fosnavåg, Jørn-Erik Schanche saman med Terje Teige, leiar i marknadsutvalet i Bergsøy Fotball
Bergsøy IL Fotball har inngått ein ny og forbetra avtale med Atea.
Plassjef Atea avd. Fosnavåg, Jørn-Erik Schanche seier følgjande om samarbeidet:
-I Atea har vi høgt fokus på ekte samfunnsbidrag. Som eit resultat av vår solide vekst og lojale kundar kan vi gi meir tilbake til lokalmiljøet. Atea oppgraderer avtalen til Hovudsponsor D i Bergsøy IL Fotball. Fysisk og psykisk helse heng tett saman, og vi ser at Bergsøy IL investerer i både mennesker og fellesskap. Saman med Bergsøy ønsker vi å skape gode opplevelsar – både på og utanfor banen. Takk for samarbeidet og heia Bergsøy!
Marknadsleiar Terje Teige uttalar følgjande:
-Vi er svært fornøgde med å få med oss ein aktør som er så tilstades i nærområdet. Det er veldig kjekt å høyre at dei anerkjenner arbeidet Bergsøy IL Fotball gjer for å skape aktivitet i lokalmiljøet, dette er noko av kjerna i det arbeidet som blir lagt ned i klubben. Vi takkar for avtalen og ser fram til eit godt samarbeid med Atea dei komande åra.