Årets første kamp for A-laget herre!

Hovudtrenar Anders gir her sine tanka om oppkjøringa, dagens motstandar og planen framover mot sesongstart.

Då er det endeleg klart for kamp igjen!

Årets fyrste kamp er mot divisjonskollega Langevåg, eit lag som slo oss i ein tett batajle i seriekampen her ute i fjor.
Vi har fått trent godt sidan starten av januar, med ei målsetning om å kjempe i toppen av 4.divisjon i år. Treningane til no har vore eit godt steg opp frå oppkjøringa i fjor, og denne kampen vil gi oss ein god pekepinn på om kvar vi er i forhold til målsetningane. At det er ein tellande kamp i SMP Cup gir den ein ekstra nerve som passar oss bra. Med seier i kveld så skal vi møte Brattvåg 2 på bortebane i neste runde.

Brattvåg 2 rykte opp frå 5.div i fjor, og bør bite godt ifrå seg i 4.div. Så det vil være nok ein bra test for oss. Den kampen skal evt spelast i veke 9.

I mars har vi treningskampar på heimebane kvar veke. Vi skal spele mot Stryn (4.div Sogn og Fjordane), Aafk kjeme med eit forsterka G17 Nasjonal lag, og vi skal måle krefter med nabo Sande FK. Det er også mogleg at vi får til ein treningskamp mot Selje som skal ha treningsweekend i Fosnavåg i midten av mars.

Med avansement i SMP cupen, så vil det også verte ein eller to kampar der før vi skal møte Ørsta i NM kvalik laurdag 28.mars.

 

Stallen er omtrent som i fjor, med lokal rutine og ungdommeleg pågangsmot.
Sjølv om det er meldt minusgrader så håper vi at det kjeme mange på tribuna for å heie oss fram!

Kaffikanna skal stå klar 😊

Next
Next

Innkalling til Årlig møte i Bergsøy IL-Fotball