Nye rekrutteringdommarar i klubben

Denne vinteren har Bergsøy IL sikra seg ikkje mindre enn fem nye rekrutteringsdommarar! Det vitnar om eit sterkt og veksande dommarmiljø i klubben. Dei fem kjem inn med ulikt ambisjonsnivå og bakgrunn – frå administrativ styrking til klare mål om å nå longt som dommarar i norsk fotball.

Klubben sin dommaransvarleg, Ole Kristiansen, har denne våren fullført rekrutteringsdommarkurset. For Ole handlar dette først og fremst om å heve kvaliteten i oppfølginga og støtta til klubben sine dommarar. Med auka kompetanse i rolla styrkar han fundamentet i dommararbeidet i klubben, og legg til rette for utvikling – både for nye og etablerte dommarar.

Frå du fyller 12 år kan du bli klubbdommar. Vi arrangerer dommarkurs 7. mars. Har du lyst til å bli med? Meld deg inn i gruppa vår på Spond:
https://spond.com/invite/HACMO

Her får du ein presentasjon av våre nye rekrutteringsdommarar:
Alexander Lillenes Hestad – ambisiøs satsing
Alexander er eit velkjent namn i Bergsøy-miljøet og spelar på A-laget. I år har han valt å ta steget også inn i dommarrolla. Med eit tydeleg ambisjonsnivå ønskjer Alexander å dømme så høgt han kan i fotballen. Med erfaring som aktiv spelar tek han med seg viktig kampforståing inn i dommargjerninga, og han har eit klart mål om å utvikle seg og nå langt.

Helena Marie Kristiansen – satsar fullt som dommar
Helena Marie er eit kjent fjes på stadion. Ho la i vinter opp som spelar for å satse fullt på dommarrolla. Allereie i fjor haust fekk ho prøve seg i nokre kretskampar, der ho gjorde ein solid figur. I likskap med Alexander har Helena ambisjonar om å bli stadig betre og sjå kor langt ho kan nå som dommar. Erfaringa hennar frå bana gir eit godt utgangspunkt for vidare utvikling.

Mohammed Joud Kaisson – klar for nye utfordringar
Mohammed er godt kjend blant alle som følgjer ungdomsfotballen i Bergsøy. Han starta som klubbdommar i fjor, og tek no steget vidare som rekrutteringsdommar. I år håpar han å få dømme kampar også på kretsnivå så langt det let seg gjere. Mohammed har eit meir nøytralt ambisjonsnivå, men er motivert og gler seg stort til sesongen og nye utfordringar med fløyta.

Tor Emil Eide – ny i fotballen, klar for vekst
Tor Emil Eide (24) er kanskje mest kjend for dei som handlar på den lokale grøne butikken. No tek han steget opp som både klubbdommar og rekrutteringsdommar. Utan tidlegare erfaring frå fotballen går han inn i rolla med eit ope sinn og eit ønskje om å lære. Denne sesongen vil han bruke på å vekse inn i dommarrolla og byggje erfaring kamp for kamp.

I år har Bergsøy IL Fotball om lag 40 dommarar – ein solid auke frå talet på aktive i fjor. Det viser at dommarmiljøet i klubben er i god utvikling.

Vi arrangerer dommarkurs 7. mars. Har du lyst til å bli med? Meld deg inn i gruppa vår på Spond:
https://spond.com/invite/HACMO

Bergsøy tek imot alle som har lyst til å dømme kampar. Frå du fyller 12 år kan du bli klubbdommar. Neste års målsetjing har Ole sett til minst fem nye rekrutteringsdommarar – slik som i år.

Vi håpar fleire vil bli med!

Next
Next

Årets første kamp for A-laget herre!