Bergsøy IL Fotball er svært glade for at Pedro held fram som keepertrenar også dei komande åra!
Pedro har over tid lagt ned ein solid innsats for keeperane våre, og har vore ein viktig bidragsytar i arbeidet med å utvikle både unge og etablerte målvakter i klubben.
Også framover vil Pedro halde fram med faste keepertreningar kvar søndag. I tillegg vil han besøke dei ulike laga i klubben for å setje ekstra fokus på keeperrolla og
bidra til å løfte fram keepertrening i kvardagen.
Målet er ikkje berre å tilby gode treningsøkter, men også å gi keeperane konkrete tips og øvingar dei kan jobbe med på eiga hand mellom treningane. På den måten ønskjer vi å skape større forståing for keeperrolla og gi fleire unge målvakter gode verktøy til eiga utvikling.
For Bergsøy er det viktig å ha gode fagpersonar rundt spelarane våre, og keepertrening er ein viktig del av det sportslege utviklingsarbeidet i klubben.
Vi set stor pris på jobben Pedro gjer, og ser fram til å halde fram det gode samarbeidet!
Nysgjerrig på keeperrolla? Meld deg på gratis keepertrening med Pedro søndager!
Spondkode: DDOEH