Jentedagen og Fjøraprisen 2026

Innholdsrik veke då vi arrangerte Jentedagen tirsdag 27.10 med 80 jenter, og dagen etter vann Fjøraprisen for arbeidet klubben har gjort med jentefotballen!

Bergsøy J13 saman med fotballpresident Lise Klaveness, Jan Åge Fjørtoft, Katarina Dybvik Sunde (Aafk), Lars Conradi og Magnus Myklebust. Foto: Hallgeir Skjelstad

Jentedagen 2026:

Bergsøy Idrettslag, Thon Hotels og Jan Åge Fjørtoft samla alle jentespelarane i Bergsøy til trening, inspirasjon og fotballglede i Fiskarhallen tirsdag 27.oktober.

Gjennom prosjektet «Flere jenter» jobbar Thon Hotels for at jenter skal få like moglegheiter på alle nivå i idretten. Fjørtoft har vore ambassadør sidan starten og arrangerer fotballskular og kick-off over heile landet.

 – Eg er svært imponert over arbeidet Bergsøy har gjort for jentefotballen dei siste åra. BIL har blitt ein føregangsklubb, og det er kjekt å få vere med og inspirere både spelarar og dei som står på rundt laget, seier Fjørtoft.

Det blei ein kjekk ettermiddag for dei rundt 80 jentene som møtte opp.

T-skjorter før økt + frukt og smoothie i pausa til denne sporty gjengen. I tillegg til Jan Åge var Martha Helvig (A-spelar Hødd som har spelt Toppserie) og Vibeke Innselet (utviklingsleiar jenter Hødd) med på økta og ga sine tips og råd til jentene.

Fjøraprisen 2026 til Bergsøy IL Fotball!🤩

Bergsøy IL Fotball blei under Gurskenkonferansen dagen etter Jentedagen tildelt Fjøraprisen 2026 for arbeidet vårt med jentefotballen. Prisen vart delt ut av sjølvaste fotballpresidenten Lise Klaveness og Jan Åge Fjørtoft🤩

Ein hyggeleg og inspirerande heider for heile klubben! 👏🏼

Sjølv om det er klubben som tek imot prisen, er det dykk rundt laga som har æra for han. Denne utmerkinga er eit resultat av det daglege arbeidet som blir lagt ned ute på bana og i kulissane.

Vi vil rette ein stor takk til trenarar og lagleiarar som brukar fritida si på å følgje opp jentene, skape meistring og trygge ramme.
Foreldre og hjelparar som stiller opp på alt frå transport og dugnad til god støtte frå sidelinja.
Og ikkje minst til jentene sjølve, som viser flott fellesskap, innsats og fotballglede på kvar einaste trening og kamp.

At arbeidet med jentefotballen blir lagt merke til, gir oss ein god peikepinn på at vi er på rett veg.

Prisen er ein fin motivasjon til å halde fram det gode og viktige arbeidet vi gjer saman i kvardagen 🤍❤️

Heia Bergsøy!

Next
Next

Jentedagen 2026