Jentedagen 2026
Saman for jentefotballen!
Bergsøy Idrettslag, Thon Hotels og Jan Åge Fjørtoft samlar alle jentespelarane i BIL til trening, inspirasjon og fotballglede i Fiskarhallen.
Gjennom prosjektet «Flere jenter» jobbar Thon Hotels for at jenter skal få like moglegheiter på alle nivå i idretten. Fjørtoft har vore ambassadør sidan starten og arrangerer fotballskular og kick-off over heile landet.
– Eg er svært imponert over arbeidet Bergsøy har gjort for jentefotballen dei siste åra. BIL har blitt ein føregangsklubb, og det er kjekt å få vere med og inspirere både spelarar og dei som står på rundt laget, seier Fjørtoft.
Satsinga får også merksemd under Gursken Konferansen neste veke, når fotballpresident Lise Klaveness kjem på besøk.
– Vi har invitert eit jentelag frå Bergsøy til konferansen for å vise fram denne flotte satsinga for Klaveness og alle deltakarane. Det gode arbeidet i klubben fortener å bli sett!
Jentedagen 2026:
📍 Fiskarhallen
📅 27. oktober
🕟 Kl. 16.30–19.00
Vi gler oss til ei samling med meistring, fellesskap og fotballglede!