KRONEKAMPEN 2026

Førstkomande fredag arrangerer Bergsøy IL Fotball Kronekampen med gratis inngong for alle når naborival Hødd 2 tek turen til Havila Stadion Fosnavåg til lokaloppgjer og sesongavslutning i 4 divisjon! I denne siste kampen for året får vi eit gjensyn med fleire tidligare Bergsøy-spelarar, og det ligg mykje prestisje i desse kampane så vi forventar eit fyrverkeri av ein fotballkamp!

Kronekampen er ei viktig inntektskilde for klubben der det lokale næringsliv gir sitt bidrag i form av x antall kroner per tilskuar som kjem på kamp. Det betyr at jo fleire tilskuarar på stadion, jo meir støttar bedriftene! Vi håper derfor du inviterar med deg venner og bekjente for å lage ei flott ramme rundt denne kampen!

Før kampen blir det Fair Play løype med spørsmål og svar på tribuna frå kl 17.45. Gratis is til alle som deltek!
I tillegg vil våre yngste spelarar i klubben vere maskoter og ha innmarsj saman med A-laget og Tare.

Husk at alle barn og voksne må løyse gratisbillett, sesongkort gjeld ikkje denne dagen! Bruk kampbilletten som lodd, skriv fullt navn og tlfnr og vær med i trekninga av flotte premier! Tippelappen leverast på Sparebanken Møre sin “stand” i postkassa.

Støtt klubben i ditt hjerte ved å møte opp på kamp fredag, vi sjåast på stadion! 😊

Tusen takk til bedriftene som bidreg til gratis arrangement for alle! (oversikta vil bli oppdatert fortløpande):

Next
Next

Trenarkurs del 1 på klubbhuset