Sparebanken Møre forlenger samarbeidet med Bergsøy IL Fotball

Bergsøy IL Fotball er stolte av å kunne meddele at Sparebanken Møre forlenger samarbeidet med klubben gjennom ein ny treårig generalsponsoravtale. Sparebanken Møre held dermed fram som den største samarbeidspartnaren til fotballen i Bergsøy.

Fornøgd gjeng: f.v Tore Hasund, Tanja S. Leikanger og banksjef Per Ronald Knutsen (alle frå Sparebanken Møre), saman med representantar frå BIL Fotball (styremedlem Marthe Sævik Zahl, styreleiar Lars Conradi Andersen og Magnus Myklebust i marknadsutvalet).

Det gode og langsiktige samarbeidet har vart i over ti år, og den nye avtalen inneber fleire konkrete bidrag som kjem medlemmane i klubben til gode. Mellom anna bidreg Sparebanken Møre til nye spelardrakter, samt at klubben kan fortsette å tilby gratis treningsavgift for 6-åringane samt inkludere 7-åringane i denne ordninga.

Dette er eit viktig bidrag til å senke terskelen for deltaking og sikre at økonomi ikkje skal vere eit hinder for at barn får oppleve fotballglede, meistring og fellesskap.

– Sparebanken Møre er stolte av å vere generalsponsor for Bergsøy IL Fotball, og vi ønskjer å vidareføre det gode samarbeidet. Bergsøy er ein viktig aktør i lokalsamfunnet, og klubben sitt arbeid med inkludering, aktivitet og fellesskap samsvarar godt med verdiane våre.

Vi meiner det er viktig å bidra til at barn og unge får moglegheit til å delta i eit positivt og inkluderande fellesskap, uavhengig av bakgrunn og økonomi. Gjennom samarbeidet ønskjer vi å vere med på å skape gode oppvekstvilkår og gjere Herøy til ein god plass å bu og vekse opp i, seier banksjef Per Ronald Knutsen.

For Bergsøy IL Fotball betyr den vidareførte avtalen mykje. Støtta gir klubben forutsigbarheit og moglegheit til å jobbe langsiktig med aktivitet, inkludering og utvikling av både spelarar, trenarar og klubbmiljø.

– Vi er svært glade for at Sparebanken Møre ønskjer å halde fram som generalsponsor og samtidig styrke samarbeidet vårt. At banken har vore ein viktig samarbeidspartnar i over ti år, seier mykje om eit godt og tillitsfullt samarbeid.

Det betyr mykje for oss at støtta ikkje berre bidreg til drift og utvikling av klubben, men også kjem spelarane direkte til gode. At tilbudet om gratis treningsavgift for 6- åringane framover også inkluderar 7-åringane er gode døme på korleis samarbeidet bidreg til både aktivitet og inkludering. Vi ønskjer at alle barn skal ha moglegheit til å vere ein del av fotballfellesskapet vårt, uavhengig av økonomiske føresetnader.

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå betre plass å bu. Med Sparebanken Møre på laget får vi ein viktig samarbeidspartnar i arbeidet med å skape fotballglede, meistring og gode møteplassar for barn, unge og vaksne i lokalsamfunnet, seier styreleiar Lars Conradi Andersen i Bergsøy IL Fotball.

Next
Next

Pedro tek nye år som keepertrenar i Bergsøy!