Oppstart fotball for 2019-kullet!
Oppstart fotball for 2019-kullet!
30.03.25, Bergsøy IL Fotball, 129 visninger
Bergsøy IL Fotball inviterar jenter og gutar fødd i 2019 til årets første fotballtrening i Fiskarhallen mandag 7. april kl 17.15!
Bergsøy IL Fotball ønskjer flest mogleg jenter og gutar på fotballbana, og vi invitera no alle komande skulestartara til første fotballtrening saman med oss! Dette blir ei økt med fokus på det sosiale med leik og moro med ball.
Alle som møter oppfordrast til å stille i passande kle, sko og leggbeskyttarar.
Samtidig som borna spelar fotball, blir foresatte invitert på tribuna for eit kort infomøte. Dette for å planlegge for vidare aktivitet utover fotballsesongen.
Viktig at alle går inn på Spond for å registrere sitt oppmøte i forkant. Husk å melde inn spelaren i spelarens navn! Legg til deg sjølv som foresatt.
Spond gruppe Jenter 2019 - https://group.spond.com/IFRTH
Spond gruppe Gutar 2019 - https://group.spond.com/TSIYI
Borna som deltek vil få giveaways frå vår generalsponsor Sparebanken Møre.
Velkomen til trening!
Ved spørsmål, ta kontakt:
Magnus Myklebust - magnus@bergsoy.no / 95247209
Ingrid Beate Smådal Hide - ingridbeate@bergsoy.no / 94878170