Nytt æresmedlem
I forkant av kronekampen og opning av Havila Stadion Fosnavåg vart nytt æresmedlem utnemnt.
Her er begrunnelsen som vart lest opp av styreleiar Lars Conradi Andersen:
“På vegne av Bergsøy Idrettslag har eg æra av å utnevne et nytt æresmedlem i dag. Æresmedlemskapet går til en person som gjennom fleire tiår gjort ein formidabel frivillig innsats, både for fotballen i Bergsøy og på ei rekke andre arenaer. Dessverre er ikkje denne personen lenger hos oss - men desto viktigare å hedre det unike arbeidet som vår kjære Runar Olsen har gjort for klubben.
Runar har hatt ei rekke roller i Bergsøy Fotball
- Han har vore trenar og lagleiar
- Han har vore anleggsteiar og dugnadsansvarlig
- Han har vore styremedlem og leia valkomiteen.
Og mange av rollene har han hatt samtidig.
På en dag der vi markerer at vi endelig har fått nytt dekke på Havila Stadion Fosnavåg er det spesielt kjekt å kunne løfte fram Runar sin unike innsats i klubben. Han har stått på seint og tidleg med mykje, og dette var ei spesielt viktig sak for han.
I tillegg til innsatsen han sjølv har lagt ned hadde Runar ei unik evne til å få folk med seg og skape engasjement. Frivillig arbeid er ikkje alltid på moten, det går opp og ned - men med Runar i front var det lettare for andre og hive seg med. Alltid med eit smil, lun og med ein god kommentar.
Klubben står i evig takknemlegheit til innsatsen Runar har lagt ned-og no vil for evig Runar være ein del av klubbens historie som vårt nye Æresmedlem.
Vi vil overrekke diplom og bevis til to av Runars sine søner, Sondre og Linus”