Fleire utdanna trenarar i Bergsøy
Ole Magne Rotevatn og Steinar Nupen har fullført Grasrottrenar utdanninga
I Bergsøy skjer det mykje positivt rundt fotballmiljøet. Fleire trenarar har denne vinter og våren valt å ta trenerkurs for å utvikle seg og bli betre rusta til å følgje opp barn og unge i klubben:
- Ole Magne Rotevatn og Steinar Nupen har nylig fullført Grasrottrenar utdanninga! UEFA B next?
- Vi gratulerer Franjo Tepuric som har blitt tatt ut til Uefa B kurset i Førde 2026.
- 20 klubbtrenarar var påmeldt då vi arrangerte Grasrottrenar delkurs 2 i Fosnavåg med vår trenarveileiar Einar Magne Skeide.
Godt oppmøte på trenarkurs tidligare i år.
Dette er eit viktig steg for å sikre eit godt og trygt fotballtilbod for våre spelarar.
Trenarkurs gir ikkje berre fagleg kunnskap om fotball, men også innsikt i korleis ein skapar gode treningsmiljø, byggjer lagånd og motiverer spelarane. For barn og unge handlar fotball om meir enn resultat – det handlar om meistring, trivsel og fellesskap.
Når trenarar investerer tid i kurs og vidareutvikling, viser dei eit sterkt engasjement for klubben og spelarane. Det bidreg til høgare kvalitet på treningane, meir struktur og større forståing for korleis ein kan møte ulike behov hos spelarane.
I Bergsøy betyr dette mykje for framtida til fotballen. Med dyktige og engasjerte trenarar blir det lagt eit solid grunnlag for både sportsleg utvikling og eit inkluderande miljø. Det er positivt å sjå at fleire tek ansvar for å lære meir – til glede for både spelarar, foreldre og klubben som heilheit.
Fleire har etterspurt neste kurs som klubben arrangerer, og vi planlegger for eit nytt grasrottrenar-kurs i oktober/november.
Kunne du tenke deg å bli fotballtrenar eller ønske meir info rundt trenargjerninga?
Ta gjerne kontakt på fotball@bergsoy.no !
Vi gratulerer Franjo Tepuric som nylig har blitt tatt ut til UEFA B-kurset i Førde!